Møyberglia feltspatgruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. september 2020 kl. 11:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke G. Henriksen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Møyberglia feltspatgruve 20. mai 2020.

Møyberglia feltspatgruve er ei nedlagt gruve på heia aust for Åvesland i Evje, på nordsida av Gautestadvegen, rett ved innkøyringa til Einerkilen.

Historie

Gudbrand Henriksen, son til oberst Henriksen som starta opp Flåt nikkelgruve, skal ha kjøpt gruva i Møyberglia rundt 1902. Det ligg ikkje att så store skrotfyllingar (steinfyllingar) etter gruvedrifta her. Mykje av steinen skal ha blitt brukt som fyllmasse då vegen til Einerkilen blei bygd rundt 1948. Kanske noko også blei brukt til fylkesvegen til Gautestad.

Kjelder

Kart

Laster kart ...