Findalslaft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. mars 2020 kl. 18:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Findalslaft er ein spesiell lafteteknikk, ein måte hjørna er hogne saman på, som bare er kjend før år 1350. Det er særmerkt i findalslaftet at halsen er i nederste halvdelen av stokken. Halsen passar som hand i hanske til orhogget i den kryssande stokken under.

Ved at denne laftemåten bare er kjend frå før 1350, veit ein så godt som sikkert at bygningar som er bygde slik må vere frå mellomalderen (før Svartedauden). I Setesdal gjeld det mellom anna Haugenloftet i Åraksbø og HeimigardsløaRysstad.

Namnet findalslaft har ikkje noko med Finndalen å gjere. Det kjem frå det gamalnorske ordet fyrnd, som tyder «gammalvoren».

Kjelder