Det gamle kommunehuset i Valle

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. februar 2020 kl. 15:54 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Oppdaterte)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle kommunehuset i Valle med Coop-Marked Valle Handel i bakgrunnen
Foto: Harald Haugland
.

Det gamle kommunehuset i Valle er bygd i 1958. Bygningen står på same staden som det fyrste kommunehuset i Valle sto. I det var det og grendeskule.

Valle folkebibliotek låg i fyrste etasje og Valle Vaksenopplæring i andre etasje, men biblioteket flytta til Sæbyggjen då det bygget opna og vaksenopplæringa vart i 2018 flytta til Valle skule. Frå 1997 var det innreidd radiostudio på loftet. Valle Radio starta sin aktivitet der. Dette vart sidan lesesal og lagerrom.

I kjellaren var det lokalar for Valle næringshage og offentleg toalett.

Huset ligg sentralt i Valle, like sør for Valle Handel og tvers over gata for Jokerbutikken i Valle.