Kimpelkastet
Kimpelkastet er ein svær stein langs vegen opp i Hovsdalen i Hylestad, «som rysen Kimpel kasta etter kjerringa si ei vende dei drogst». Ved steinen er det eit varp. Når folka frå Hovet skulle opp i heia, måtte dei «hive ein liten stein på varpt. Då vart det ein heldig tur».
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, 1994, side 51