Landeeika

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito
Landeeika er eit eldgamalt tre i Grendi. Det veks like attmed riksveg 9, nokre hundre meter sør for Årdal kyrkje.
Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Alderen er noko uviss, og fagfolk meiner at den ligg mellom 800 og 1000 år ein stad. Ein meiner også at eika fekk sin bane då Byglandsfjorden vart regulera opp, men det er ennå frisk ved å sjå. Eika er hol, og det var plass til mange inni treet. I seinare tid har delar av stammen falle ut, og for at ikkje heile treet skulle ramla i hop, så vart det slege ein kjetting rundt stammen.
Kart
Kjelde
- Jens Fredrik Nystad: Eventyrlandet, spennende naturfenomener i Norge, Gyldendal forlag 2000, side 30-31.
- Andreas Vevstad: Agderskog, Agder Skogeigarlag 1998, side 9.