Døletorv

Foto: Geir Daasvatn
Døletorv er eit lite nes på austsida av Otra, nord for Byglandsfjord dam, i Bygland. Når vasstanden i den regulerte Byglandsfjorden er høg, blir neset til ei lita øy.
Etter oppdemminga av Byglandsfjorden flaut mykje rask i vatnet dei første åra. Ein gong sette ei diger lyngtorve seg fast i eit stryk ved denne staden. Torva måtte ha kome oppe frå dalen. Sidan vart staden heitande Døletorv, skriv Reidar Tveito i boka si om Setesdalsbanen.
Kjelder
- Reidar Tveito, Setesdalsbanen 1896-1962, eige forlag, 2012, side 36
- Norgeskart.no