Topsæstemmen



Topsæstemmen var ein flotingsdam i søre enden av Topsæ i Bygland austhei. Ut av Topsæ renn Tovdalselva (Årdalsåna), som blei nytta til tømmerfloting i eldre tider. I dag er mykje av dammen rast ned. Ei hytte som fosskarane nytta under arbeidet står fortsatt på staden. I øvre venstre hjørne i det øvste biletet kan ein sjå der Ånund Eldhuset hogg tømmer i februar 2017. Bua i Øvre Løyningsli ligg noko utanfor biletet. På biletet i midten ser ein restar av det dei kalla sleppebrua. Stemplankene blei sett mot stokkane som ligg under vatnet og mot sleppebrua festa med ei jernlenke. Mange av stemplankene låg framleis strødd nedover langs Årdalselva på 1970 talet. I 1972 var nokre så friske at dei blei nytta til raptar (taksperrer) i eit lafta tilbygg i Øvre Løyningsli bua (Eldhuset bnr 5). Det nedste biletet viser Knipefossen gjennom det tronge gjelet i vårflaumen og Topsæstemmen i bakgrunnen. Slik og endå større kunne nok elva vere når dei sleppte stemmen.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 230