Ånund Eldhuset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. desember 2018 kl. 23:29 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånund Eldhuset
Født: 18. februar 1953 (73 år)
Fil:Ånund og tømmerlass.jpg
Ånund Eldhuset med tømmerbillass nr 1400.
Ånund Eldhuset driv fram tømmer i Løyningslia 24 februar 2017.

Ånund Eldhuset (fødd 18. februar 1953 i Åraksbø]) er bonde og skogsarbeidar. Han gjekk naturfaglina ved Hornnes gymnas og tok artium i 1973. Deretter var han eit år i brigaden i Nord-Noreg der han blei utnemd til æres-brigadesoldat. Etter det tok han til å drive garden Eldhuset (bnr 5) og tok etter kvart over etter far sin Hallvard Eldhuset som døydde i 1976. Han var aktiv skiløpar og er mest kjend som vinnaren av dei fire første renna av Sesilåmi i 1976,1977,1978 og 1980. Han har også ein andreplass frå Birkebeinerrennet i klasse 20-24 år i 1977.

Det stod å lese i Fædrelandsvennen i 1974: "Han blei utnemd til æres-brigadesoldat både på grunn av dyktighet og korrekt oppførsel.Eldhuset gjorde seg sterkt bemerket i idrettslige ferdigheter: Brigademester i skiskyting, brigademester i 30 km langrenn, nr 2 i NM patruljeløp, nr 8 i hærmesterskap i skiskyting, garnisonsmester 30 km langrenn, garnisonsmester i patruljeløp, garnisonsmester i stafett over 3x10 km, nr 3 i patruljeløp ved svenske jægerskolen og divisjonsmester i 30km langrenn."

I 2002 stod det i Setesdølen at Ånund Eldhuset er i særklasse den sværeste tømmerhoggeren i Setesdal når det er snakk om å hogge på "gamlemåten" med motorsag. Ved sida av gardsdrifta heime i Åraksbø har han teke på seg drifter for andre og hogge til saman 50000 kbm. Etter nyår i 2017 var det så lite snø og god frost at Ånund kunne hogge i Løyningslia som høyrer til Eldhuset bnr 5. Denne gamle stølen ligg ved utløpet av Topsæ Han dreiv tømmeret rundt 1 km delvis på myr ned til Årdalsstølen der skogsbilvegen endar. Men som biletet viser blei det ein del snø mot slutten av februar.

Han brukar også motorsaga til å lafte hytter og til å skjere ut kubbestoler.

Eksterne lenker