Ropåsnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. november 2018 kl. 00:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ropåsnes ved ein sterkt nedtappa Byglandsfjord 10. november 2018.

Ropåsnes er eit lite nes som stikk ut i Otra frå vest, noko sør for Vassendøya i Bygland. Ved høg vasstand i Byglandsfjorden blir neset meir som ei lita øy. Grensa mellom Evje og Hornnes og Bygland går midt i elva her. Ropåsnes ligg på Hornnes-sida, på garden Senum sin grunn.

Kjelder