Langsima

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. september 2018 kl. 07:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss på skrivemåten Håverstadtjønn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kjetevatn Iveland 280616 (2).jpg
Møllandsbekken renn ut av Kjetevatnet.
Eit lite fossefall øvst i Oksefoss i Langsima.
Foto: Geir Daasvatn
Fil:Oksefoss Langsima Iveland 290917.jpg
Flom i Oksefoss 29. september 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Langsima er ei elv i Iveland. Ho kjem frå nord i kommunen, med ei grein som strekker seg opp mot Frikstad-gardane på grensa mot Evje og Hornnes og ei grein som kjem frå Kleppetjørn. Greina frå Frikstad renn sørover, på vestsida av Frikstadveien, gjennom Kjetevatnet og vidare til Håverstadtjønn. På Mølland, frå Kjetevatnet til Håverstadtjønn, kallast ho Møllandsbekken. Frå Håverstadtjønn renn så Langsima til Birketveit, der ho munnar ut i Birketveittjønna.

Frå Birketveittønna renn Frøysåna vidare sørover og vestover til ho munnar ut i Otra vest for Skaiå. Langsima høyrer såleis til Otravassdraget.

Hausten 1997 vart det sett i drift ein automatisk kalkdoserar ved Oksefoss i Langsima.

Kjelder

  • Aslak Fjermedal, Iveland, Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 572
  • Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, 1962, side 24
  • Skjersæ (Froland) og Birketveitvatn (Iveland), prøvefiske høsten 2001, Rapport nr. 4-2002, Fylkesmannen i Aust-Agder, side 8

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...