Sæbyggjen - Opningsprogram

Foto: Geir Daasvatn
Sæbyggjen - Opningsprogram er ein oversikt over det offisielle programmet ved opninga av Sæbyggjen - Sentrumsstoga i Valle opningshelga laurdag 15. september 2018 og søndag 16. september 2018.
Laurdag 15. september
- Opent hus klokka 12-16, kulturinnslag og servering av vaflar, kaker og kaffi. Programleiar Torunn Charlotte Nyberg
- Kl. 12.00: Offisiell opning ved ordførar Steinar Kyrvestad etter ei kort orientering om prosjektet ved Torleif Homme. Ordføraren delte ut blomar til levekårsutvalet, som hadde det politiske ansvaret for prosjektet og til programleiar og prosjektleiar.
- Helsing frå styreleiar i Jegteberg Entreprenør, Odd Grønberg
- Helsing frå Den norske kyrkja ved prost Gunnar Ellingsen
- Helsing frå Aust-Agder fylkeskommune ved kultursjef Hege Solli
- Paal-Helge Haugen: Nyskriven tekst til opninga av det nye biblioteket
- Avduking av Per Fronth sitt kunstverk ved banksjef i Valle Sparebank, Vidar Homme og kunstnaren sjølv
- Kulturinnslag ved Eivind Tanche-Larsen Knutsen
- Kl. 14.00: Opning av kunstutstilling
- Introduksjon ved Sissel Åkre, styremedlem i Bykle og Valle kunstlag
- Kulturinnslag: «Blomlaok # 14» ved Kjetil Alver Lund og Vilde Eskedal
- Kl. 15.00: Konsert med Kim André Rysstad. Gratis inngang
- Kl. 19.00: Konsert med Attitunes vokalgruppe. Arrangør: Folkeakademiet i Valle
Søndag 16. september
- Valle og Hylestad sokneråd ønskjer velkommen til den nye kyrkjestova
- Kl. 11.00: Møte ved Elin Fagerbakke. Kaffi og kjeks etter møtet
- Kl. 17.00: Pianokonsert ved Øystein Kikut. Kaffi og vaflar etter konserten
- Kl. 19.00: Møte ved Elin Fagerbakke