Feltspat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. juli 2018 kl. 08:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Feltspat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Feltspat høyrer til den viktigaste gruppa av mineral som dannar bergartar, og utgjer opp mot 60 % av jordskorpa. Feltspat er med det det vanlegaste mineralet i jordskorpa.

Området Evje - Iveland har mykje av størkningsbergarten gabbro. Feltet er nesten 100 kvadratkilometer stort, og er det største gabbrofeltet i heile Agder. Denne bergarten er ein særs god «moderbergart» til å gje rom for innskot av pegmatitt (feltspatgangar). Kanskje er det ikkje nokon stad i heile Norden med så mykje pegmatitt pr. kvadratkilometer som i Evje - Iveland. Desse pegmatittane gav grunnlag for ei svær gruvedrift etter feltspat i både Evje og Iveland på 1900-talet. Det skal alt i alt vere rundt 300 feltspatbrot i gabbrofeltet. Om lag 80 av dei ligg i Evje.

Kjelder