Hopp til innhald

Pegmatitt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. juli 2018 kl. 15:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Fil:Evje mineralsti - Landsverk gruver 150913 (5).JPG
Landsverk 1-gruva er ein pegmatitt, kanskje den best kjente, i Evje og Hornnes.

Pegmatitt er ein grovkorna, magmatisk bergart. Storleiken på korna varierer frå nokre centimeter til meir enn ti meter i diameter eller lengde i dei mest ekstreme tilfella.

Eit fleirtal av alle pegmatittar har ei granittisk samansetning med feltspat, kvarts og glimmer som hovudminerala. Det finnast også andre typar pegmatittar, men i Iveland - Evje amfibolitten er det kun granittpegmatittar.

«Pegmatitt» kjem av gresk pegma som tyder binding, nettverk.

Kjelder