Landsverk I

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Landsverk I.

Landsverk I, mykje kalt Jokelidgruva, er ei nedlagt feltspatgruve på Landsverk, rett sør-vest for den nedlagte Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje. Landsverk I er med i eit nett av fem nedlagte gruver, Landsverkgruvene, som til saman utgjer Evje Mineralsti. I dag er Landsverk I den mest kjende mineralgruva i Evje.

Gruva er blant dei eldste i Evje og Hornnes. Frå rundt 1885 forsynte ho Evje nikkelverk med kvarts til flytemiddel i smelteomnane. Då Setesdalsbanen kom i 1896, blei det rimeleg frakt til Kristiansand, og det blei teke opp drift på feltspat. I 1920-åra var det stor drift på feltspat medan det var stans i drifta i nikkelgruva. Fram til 1927 var det tatt ut over 20 000 tonn feltspat og 1 000 tonn kvarts. Denne gamle gruva var den største i Evje fram til 1920-åra, då Flåtfjellet gruve overtok. I tillegg er det tatt ut ein god del glimmer, amazonitt og ei rekkje sjeldne mineral frå gruva.

Frå 1960-åra dreiv Theodor Gautestad gruva. Han begynte å ta vare på spennande mineral han fant der. Landsverk I er mellom dei mest mineralrike pegmatittane i Norden. Pegmatitten ligg i mørk amfibolitt og danner ein 20-30 meter brei og 120 meter lang gang med omtrent loddrette grenser. Dei sentrale delane er ganske grovkorna med store stolpar av raud-brun mikroklin. Førekomsten er og rik på kvit plagioklas, muskovitt og biotitt. I tillegg fins det fleire titals aksessoriske mineral.

Nokre soner i Landsverk I inneheldt tidlegare tonnevis med amazonitt med ein vakker grønfarge. Ein finn enno litt amazonitt her, saman med fin clevelanditt. Ein kan og finne spennande kvartskrystallar som ofte er pryda med stilpnomelan. I vakre druserom finst det albitt, adular og floritt. Av og til finn ein sjeldne jordartsmineral som euxenitt, fergusonitt og monazitt.

Kjelder[rediger]