Bykle bygdesogenemnd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. februar 2018 kl. 17:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fjernet lenke på Bjørgulv Holen som gikk til feil Bjørgulv)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykle bygdesogemnd blei sett ned på 1990-talet. Ein kom til at det burde lagast eit større og oppdatert verk, i høve til Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen som var gitt ut i 1966. Bjarne Tveiten vart vald til den første leiaren. Frå starten var også Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen og Folke Nesland med i nemnda. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før bokverket kom ut. Han var ei av eldsjelene i arbeidet heilt fram til han døydde.

Fil:Leonhard Jansen Storstraumen Bygland 170617.jpg
Leonhard Jansen kom inn som leiar av nemnda etter Bjarne Tveiten.

Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinatorar, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege.

Arbeidet i nemnda gjekk i stort mon ut på å vere eit supplement og korrektiv til sogeskrivaren. I sum sat nemda att med eit inntrykk av at medlemene og forfattaren utfylte kvarandre på fruktbart vis. Men leiaren i nemnda, Leonhard Jansen, understrekar i føreordet til bind I at boka likevel heilt og fullt er sogeskrivar Aanund Olsnes sitt verk.

Kjelder