9. april 1940

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2018 kl. 10:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: språkpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk

9. april 1940 var ein tysdag.

Hendingar

  • Tyskland gjekk til militært åtak på Noreg
  • Kommandørkaptein Andreas Anderssen (fødd i Evje), nestkommanderande på Oscarsborg festning under oberst Birger Eriksen, og sjef for torpedobatteriet, sendte avgårde torpedoene som senka det tyske slagskipet Blücher utanfor Drøbak i Oslofjorden
  • Generalmajor Einar Liljedahl var sjef for 3. divisjon (distriktskommando) som omfatta Agder og Rogaland, og såleis sjef og øverstkommanderande for dei militære styrkane på Sørlandet ved krigsutbrotet
  • Kristiansand blei tatt av tyske styrkar om formiddagen. Divisjonssjef Liljedahl og staben hans flytta då først ut av byen til Gimlemoen, og seinare på dagen til Hægeland. Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei konsentrerte rundt Mosby-Kvarstein. Sjef for styrkane i Kristiansands-avsnittet var major Finn Backer. Hovudoppgåva til styrkane var å sperre vegen vidare nordover frå byen på begge sider av Otra. Styrkane blei ståande her til natta mellom 10. og 11. april

  

Kjelder