Hopp til innhald

Dam Botsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2017 kl. 09:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Fil:Dam Botsvatn 050915 (1).jpg
Dam Botsvatn.

Dam Botsvatn er ein 47 meter høg og 575 meter lang steinfyllingsdam i austre enden av Botsvatn, vest for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen vart bygd i 1974-1976, og auka reguleringshøgda i vatnet til 56 meter. I 2003-2004 vart han noko forsterka. Dammen demmer opp Botsvatn til inntaksmagasin for Brokke kraftverk i Valle kommune. Magasinvolumet er 296 millionar kubikkmeter. Eigar av dammen er Otteraaens Brugseierforening.

Ved oppdemminga av Botsvatn vart 16 gardsbruk i Nordbygdi heilt eller delvis sette under vatn.

Kjelder