Gjerustad (Vegusdal)
Foto: Geir Daasvatn
Gjerustad er ein gard (gnr. 144) i Vegusdal i Birkenes. Garden ligg mellom Vatne i Vegusdal og Frikstad i Iveland, langs Fylkesveg 291 mellom Engesland og Evje.
I området rundt Fisketjønna sør for gardstuna er det bygd mange fritidsbustader.
Kulturminne
På garden er det eit spesielt kulturminne/kulturlandskap. I gardsbekken er to kvernhus fint restaurerte. Det eldste skal vere frå 1792. Rett nedanfor ligg tre bruer frå ulike vegperiodar, frå tidlegare tiders kjerreveg til dagens standard.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 339-366
- Kart på nettsida til Statens Kartverk