Strondefjell (Bykle)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. juli 2017 kl. 11:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Strondefjell Bykle)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Strondefjell (Strandefjødd) er eit fjell på nordsida av Botsvatn i Bykle. Høgda over havet er 1 394 meter.

Inst ved Botsvatn, i Botnen, ligg dei fråflytta gardane Brotteli, Dysje og Bratteland. Det var ikkje veg inn til gardane. Når botnarane ikkje kunne fare på vatnet, på isen om vinteren og med båt om sommaren, måtte dei anten gå langs sørsida av vatnet eller over det høge Strondefjell på nordsida for å kome til Kyrkjebygda.

Kjelder