Haugetveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. juli 2017 kl. 09:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugetveit 15. mai 2016.
Nydyrkingsfelt på Haugetveit 29. juni 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Haugetveit er ein gard (gnr. 23) på heia aust for Åraksbø i Bygland. Gardstunet ligg ca. 525 moh. Lidtveit er næraste nabo, om lag ein kilometer mot vest. Frå bygda opp til garden er det drygt fire kilometer.

Frå enden av bygdevegen til Haugetveit fortset Årdalsvegen ti kilometer austover til Årdalen.

Eigar av garden frå årsskiftet 2016/2017 er Olav Haugetveit (f. 1986). Han overtok då garden etter foreldra Knut Å. Haugetveit og Berit Haugetveit. Olav har i 2017 sett i verk eit stort arbeid med nydyrking av ca. 100 mål og bygging av nytt fjos til rundt sju millionar kroner. Han satsar på mjølkeproduksjon.

Kjelder

Kart

Laster kart ...