Knut Å. Haugetveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Å. HaugetveitSymbol unrelated.svg
Født: 1951 (alder 67–68)

Knut Å. Haugetveit (fødd 1951) var bonde på Haugetveit i Åraksbø i Bygland frå 1986 til 2016. Frå årsskiftet 2016/2017 har sonen Olav Haugetveit overteke garden.

Knut er utdanna ingeniør. Han arbeidde to år i Oslo før han kom tilbake til Bygland. Han var kommuneingeniør i Bygland i elleve år. I 1986 overtok han garden på Haugetveit, og blei bonde på heiltid. Han dreiv med storfe og mjølkeproduksjon.

Kona til Knut er Berit Haugetveit (fødd Mathisen, 1952). Saman har dei borna Åsulv Haugetveit (f. 1977), Arne Haugetveit (f. 1983) og Olav Haugetveit (f. 1986). Foreldra til Knut var Åsulv K. Haugetveit (f. 1914 - d. 1989) og Ingebjørg Haugetveit (f. 1915 - d. 2017).

Kjelder[rediger]