Eksæ

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. juni 2017 kl. 05:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Eksæstemmen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eksæ er eit vatn på heia (664 moh) tre-fire kilometer sør-aust for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Eksævegen går inn til vatnet frå Jordalsbø. Det siste stykket, frå den gamle støylen Øy, er stengd med kjetting. Men inn til Øy er vegen open mot betaling av bompengar (50 kroner for ein dagstur).

Trodverksåni renn frå Eksæ til Jordalsvatn. I tidlegare tider var det floting av tømmer frå Eksæ til Jordalsvatn, og det står framleis ein stem etter flotinga i enden av Eksæ.

Kjelder

Kart

Laster kart ...