Eksævegen
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn
Eksævegen er ein privat skogsbilveg i Jordalsbø i Bygland. Han tek til frå Steinstog og går austover og oppover lia til Jordalsvatn. Derfrå går han på sørsida av Jordalsvatn vidare til den gamle støylen Øy. Her er det snuplass. Ved Øy går ei grein av vegen inn til vatnet Eksæ. Men dette siste stykket er stengt med kjetting, og ikkje ope for almenn ferdsle.
Vegen er bomveg. Ein kan legge 50 kroner i ei kasse og køyre ein dagstur, eller betale eit noko høgare beløp for årskort.