Kåsland
Kåsland er eit småbruk på Bjørgum i Hylestad. Husa ligg lengst sør-aust på Bjørgum, nær breidda av Otra. Kåsland er heimen til spelemannen Hallvard T. Bjørgum.
Historie
Sjølve namnet Kåsland kan vere heller gamalt. «Kanskje var det i tidi før svartedauden (ca. 1350) ein sjølvstendig gard med dette namnet - grensone treng sjølvsagt ikkje vere dei same som me kjenner i dag», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Dagens Kåsland blei skild frå bnr. 2 i 1893.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 68-71