Brokke Mini Tour 2017
Brokke Mini Tour 2017 i langrenn vart arrangert for fjerde gong laurdag 11. februar 2017 og sundag 12. februar 2017. Arrangementet var sett saman av eit renn i klassisk stil laurdag og bakkeløp opp alpinbakken i Brokke Alpinsenter sundag. Laurdagens renn var for alle klassar, klassisk stil, med løyper frå 500 meter i nedre del av Brokke Alpinsenter til 10 km i skisenteret og Lysløypa i Brokke. Rennet sundag gjekk i fristil, og var den store styrkeprøva til målet på toppen av alpinbakken. Det var også mogeleg å bare gå den første delen av skibakken. Arrangørar var Valle IL og Brokke Alpinsenter.
Premiering
For rennet laurdag var det «Idrettsstipend» på 5000 kroner, 3000 kroner og 2000 kroner for 1.-, 2. og 3. plass i både jente- og guteklassen. Sondre Ramse frå Otra IL vann guteklassen. Sivert Knotten blei nr. 2. Åsmund Wiberg, også han frå Otra IL, kom på 3. plass.
Valle Sparebank gav også «Idrettsstipend» til vinnaren av åde dame- og herreklassen (U-23) i «bakken opp» sundag.
Kjelder
- Brokke Mini Tour, annonse i Bygdenytt, informasjonsblad for Valle kommune, februar 2017