Brokke Mini Tour 2014

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Brokke Mini Tour 2014 vart arrangert for første gong laurdag 8. februar 2014 og sundag 9. februar 2014. Arrangementet var sett saman av eit kretsrenn i klassisk stil laurdag og bakkeløpet opp alpinbakken i Brokke Alpinsenter sundag. Laurdagens renn var for alle klassar med løyper 3,5 og 10 km i Lysløypa i Brokke. Rennet sundag gjekk først ei kort løype i fristil, deretter 1150 meter med stigning på 250 høgdemeter til målet på toppen av alpinbakken. Dette var i 2014 det einaste bakkeløpet i Agder og Rogaland skikrets. Arrangørar var Valle IL og Brokke Alpinsenter.

Premiering[rediger]

For rennet laurdag var det vanleg premiering.

For rennet sundag var det i tillegg sett opp ein premie på eit utviklingsstipend på 10.000 kroner frå Valle Sparebank til vinnaren i klassene for kvinner og menn under 23 år. Vinnarar vart Elin Uppstad, Valle IL, på tida 19.03 og Gaute Kvåle, Røldal IL, på tida 15.43.[1]

Referanser[rediger]

  1. Ole Birger Lien: Stipend til unge talent. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2014 side 12

Sjå også[rediger]

Brokke Mini Tour 2017

Eksterne lenker[rediger]