Eiken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2017 kl. 10:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eiken Vest-Agder)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eiken er ei bygd og ein tidlegare kommune omtrent midt i Vest-Agder. Nabokommune i aust er Audnedal. Mot vest ligg Kvinesdal. Frå 1. januar 1963 har Eiken høyrd til Hægebostad kommune.

Fylkesveg 42 går gjennom Eiken. Austover går vegen til Sveindal og vidare til Evje. Vestover går vegen over Haddelandsheia og vidare vestover forbi Fjotland mot Tonstad i Sirdal. Frå Skeie går det fylkesveg sørover til kommunesenteret Birkeland og nabokommunen Lyngdal.

Eiken kyrkje ligg på eit nes i Lygnevatnet. Eikås Sagbruk og Eiken Mekaniske Verkstad er større verksemder.

Mange tykkjer Eiken er ei ven bygd, med vakkert landskap rundt øvre delen av Lygnevatnet. I årtider har bygda hatt tilnamnet «perla i Agder».

Kjelder