Bø (Valle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bø 2016. I framgrunnen Otra.
Foto: Geir Daasvatn
Bø er to matrikkelgardar (Nørdre Bø (Valle gnr. 55)|Nørdre Bø]] og Syndre Bø i Valle. Gardane ligg på vestsida av Otra. Ein kjem dit ved å ta over Hallandsbrua rett nord for Hallandsfossen, og derfrå følge Bøvegen sørover til gardane. Med unnatak for Flårenden er dette dei gardane som ligg lengst sør i gamle Valle kommune. Både tun og eigedomar elles ligg nokså om kvarandre på eigedomane.[1]
Bøgardane høyrer truleg ikkje til dei aller eldste i Valle. Men det har nok vore folk her iallefall i vikingtida (800-1000 e.Kr.).[2]
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 102
- ↑ Valle III, side 103