Hopp til innhald

Troll Mountain

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. januar 2017 kl. 09:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Troll Mountain)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Troll Mountain er eit selskap som skal tilby ultrasikker datalagring i fjellhallane i KleveknuttenHannås i Hornnes. Anlegget skal kunne brukast til mellom anna DR (disaster recovery site), backup lokasjon, primær datasentral og nettverksoperasjonelle tenester. I første omgang skal selskapet bygge eit pilotanlegg inne i fjellet, med opp mot 20 arbeidsplassar. På sikt kan det vere tale om mange fleire. Hovudmarkedet er sagt å vere bank- og finansnæringa og andre som treng høg grad av sikkerhet.

Det totale utsprengte arealet inne i fjellet er 5 400 kvadratmeter. Inne i fjellet er det 11 hallar på 230 kvadratmeter kvar.

Dagleg leiar og styreleiar i Troll Mountain AS er Frank Arild Aadnevik. Selskapet er eigd av Ocean Cloud AS, Itlogi Ltd og Rune Torjussen, med ein tredel kvar. Det blei etablert i desember 2015.

Historie

Fjellhallane på Hannås blei bygd som ammunisjonslager for Forsvaret i 1954. Etter at Forsvaret la ned verksemda si i Evje og Hornnes blei ammunisjonslageret seld til private. Bernt Mykjåland var inne på eigarsida. Han selde anlegget til Troll Mountain i desember 2015.

Kjelder