Hopp til innhald

Eldsnesvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2017 kl. 09:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eldsnesvegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Eldsnesvegen er ein grusveg på austsida av Otra ved Kilefjorden Camping heilt sør i Evje og Hornnes. Vegen startar ved Ivelandsvegen rett vest for Horne bru og går sørover til kommunegrensa mot Vennesla, som samstundes er fylkesgrensa mot Vest-Agder. Det ligg eindel fritidsbustader langs vegen, og eit nytt hyttefelt i Eldsnesheia ved fylkesgrensa.

Ein kan følge vegen (den gamle jernbanetrasèen) vidare frå fylkesgrensa til han munnar ut i Riksveg 9 i Kiledal nord for Kile i Hægeland. Heile denne vegstrekninga frå Kilefjorden Camping til Kiledal er ein del av Sykkelrute 3.

Kjelder

  • Kommunekart.com
  • Vegkart for Eldsnesheia og Eldsnestoppen på heimesida til Evje og Hornnes kommune, dagsett 28. juli 2015