Austre Tveit (Evje og Hornnes gnr. 18 bnr. 1)

Foto: Geir Daasvatn
Austre Tveit (gnr. 18 bnr. 1) er eit gardsbruk på Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Husa og uthusa ligg tett attmed Fylkesveg 42. Den kjende symaskinagenten i Hornnes, Torbjørn Tveit («Singer»), hadde gardsbruket 1931-1948. Det året selde han mesteparten av bruket til Torleif Kjetså, og bygde seg nye hus ikkje langt unna sin tidlegare heim. Seinare vart bruket seld vidare til andre. I dag er det Sven Reiersen og kona Marit Gjone Reiersen som eig og driv han. Dei overtok i 1981, etter far til Sven. Dei driv med vinterfora sau og kjøttfe av rasen Limousine.
Kjelder
Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 437-444