Hommsfjødd
Foto: Geir Daasvatn
Hommsfjødd er eit svært fjell (950 moh.) like nord for grenda Homme ca. tre kilometer nord for Valle sentrum. Setesdal lagar ein sving her, og går eit stykke i retning aust-vest. Hommsfjødd ligg difor «på tvers» av hovudretninga i dalføret. På toppen av fjellet stikk det opp ein karakteristisk «hatt», kalla Stol. Høgda på toppen av denne er 1034 moh. I vestre enden av Homsfjødd ligg det mykje mindre, men meir kjende fjellet Einang.