Hommsfjødd
Foto: Geir Daasvatn
Hommsfjødd er eit svært fjell like nord for grenda Homme ca. tre kilometer nord for Valle sentrum. Setesdal lagar ein sving her, og går eit stykke i retning aust-vest. Hommsfjødd ligg difor «på tvers» av hovudretninga i dalføret. På toppen av fjellet stikk det opp ein karakteristisk «hatt». I vestre enden av Homsfjødd ligg det mykje mindre, men meir kjende fjellet Einang.