Hovslagervegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2016 kl. 07:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vegen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovslagervegen med Hovslagervegen bufellesskap sett frå Ljosheimvegen.

Hovslagervegen er ein liten veg i Evje sentrum, i området mellom Sagatunbygget og Evjeheimen. Vegen går nord-austover frå Ljosheimvegen, bak Posthuset. Ei grein går i nord-vestleg retning på baksida av Intersport Evje og Tryggheim bedehus til bustadhusa i området. Ei anna grein svingar meir austover på baksida av Evjeheimen og endar ved bustadhuset til Ricky Smeland og Liv Flaat. Hovslagervegen bufellesskap ligg på flata mellom Hovslagervegen og Evjeheimen.

Gata skal vere oppkalt etter grovsmeden og hovslagaren Tørres Tørresen, som var smed først i Flåt nikkelgruve (1910-1927) og seinare ved Evje nikkelverk (1927-1946).

Kjelder

Kart

Laster kart ...