Hovslagervegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. november 2016 kl. 09:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hovslagervegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovslagervegen er ein liten veg i Evje sentrum, i området mellom Sagatunbygget og Evjeheimen. Vegen går nord-austover frå Ljosheimvegen, bak Posthuset. Ei grein går i nord-vestleg retning på baksida av Intersport Evje og Tryggheim bedehus til bustadhusa i området. Ei anna grein svingar meir austover på baksida av Evjeheimen og endar ved bustadhuset til Ricky Smeland og Liv Flaat. Hovslagervegen bufellesskap ligg på flata mellom Hovslagervegen og Evjeheimen.

Gata skal vere oppkalt etter grovsmeden og hovslagaren Tørres Tørresen, som var smed først i Flåt nikkelgruve (1910-1927) og seinare ved Evje nikkelverk (1927-1946).

Kjelder