Horgeknipen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. august 2016 kl. 09:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke bygdeborga)
Hopp til navigering Hopp til søk
Horgeknipen.

Horgeknipen er ein karakteristisk rund fjelltopp på vestsida av Byglandsfjorden, på grensa mellom grendene Senum i Evje og Hornnes kommune og Horverak i Bygland kommune. Grenselina mellom kommunane skjer rett over toppen. Toppen ligg 400 moh. og ca 200 m over Byglandsfjorden. Mellom trea på toppen kan ein mot sør sjå mot Senum, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi.

Litt under sjølve toppen ligg restane etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Berre ei steinrøys å sjå til, men ein gong eit forsvarsverk frå tider då ein måtte verja seg og sine på eiga hand.

Sjå også