Flateland camping

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. august 2016 kl. 11:51 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Flateland camping)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Flateland camping er ein campingplass ved Otra og Riksveg 9Flateland i Valle. Plassen har 18 hytter, 76 plassar med straumuttak og stort areal for telt og aktivitet. Olav Flateland i Kristiansand eig plassen. Frå 2013 har David Menger frå Nederland drive plassen, i 2016 fekk han med seg Caren Krul i drifta. Dei samarbeider med fleire nederlandske turoperatørar.

Området på Flateland camping er barnevennlig, det er ein flott leikeplass og i Otra er det ein vasstrampoline som er svært populær. Kvar torsdag er det arrangement i lavvoen på Flateland camping, det kan vere quiz, bål, svele eller folkemusikk med spelemenn som Knut Arne Rysstad og Jamie Lodberg.

I juli 2016 hadde Flateland camping 95% belegg. Det er difor behov for å bygge ut sanitæranlegget på plassen.

Kjelder