Hopp til innhald

Saavi Nomeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. februar 2012 kl. 00:03 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Saavi S. Nomeland var den første som fekk Setesdalsprisen. Til venstre Svein Harberg.

Saavi S. Nomeland (fødd 11. februar 1937 i Hylestad) er maskinentreprenør og grunnlegger av Nomeland Anlegg. Han er gift med Gudrun Nomeland, dei har to vaksne søner som no har teke over firmaet, som han starta i 1960, då han kjøpte ein kombinert lastemaskin med bulldozerskjer. Den fyrste jobben han hadde som maskinentreprenør var ein tre kilometer lang skogsbilveg i Vegusdal. Sidan har det blitt mange jobbar på skogsbilvegar, riksveg 9, E18 og i samband med utbygginga til Otra Kraft.

I tillegg til å vere bedriftsleiar, har Saavi S. Nomeland vore interessert i politikk og har vore i Valle kommunestyre i fleire periodar som representant for Høgre.

Prisar

Kjelde