Brurleddalen
Brurleddalen er ein stad på heia vest for Øvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Dalen har namn etter to brudled som står like ved kvarandre. Eit brudefølge skal ha omkome her. I følge segnet fraus dei ute. Det er fleire pikksteinar i nærleiken, og knyllingar syner inn mot dei. Ved sida av ligg det ei tjørn med ei stor øy i, slik at det ser ut som ein ring av vatn.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Oddmund Mogstad, 16 steinar stend i rad. Brudled og pikksteinar, artikkel i Agder Historielag Årsskrift nr. 78 (2002), side 67-68
- Johannes Skar, Gamalt or Sætesdal, II, side 371
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 286
- Om skrivemåten hos Statens Kartverk