Hopp til innhald

Lauvdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. februar 2012 kl. 14:11 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Lauvdal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Lauvdal er ei grend ved riksveg 9 i Bygland, om lag seks km sør for Bygland kyrkje. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot Byglandsfjorden og er eit prioritert kulturlandskap i kommunen. Området høver godt for landbruk, men det er bare att to aktive bønder i grenda. Lengst nord i Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen, som Setesdalsmuseet eig. Det er funne fleire fornminne i området, mellom anna ein spydspiss med sølvinnlegg.

Eksterne lenker