Hopp til innhald

Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mai 2016 kl. 10:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt historie)
Rysstad med Hylestad kyrkje sett frå søraust, ca 1885 - 1892.
Foto: Axel Lindahl (digitaltmuseum.no)
Rysstad i 2016.

Rysstad er sentrum i Hylestad, som frå 1962 er ein del av Valle kommune. Hylestad kyrkje, Setesdalsmuseet sitt hovudkontor, Sølvgarden og fleire andre bedrifter ligg her. Det er industriområde på Rysstadmoen.

Historie

Det er gjort arkeologiske funn på Rysstad frå yngre steinalder (3 500-1 800 f. Kr.), frå folkevandringstida (500 e. Kr.) og vikingtida (ca. 900 e.Kr). Alfred Ryningen skriv i gards- og ættesoga for Hylestad at det er rimelig at Rysstad eksisterte som eigen gard iallefall så tidleg som då Olav den heilage fall på Stiklestad. I skriftlege kjelder er garden nemnd frå slutten av 1500-talet.

Fram til noko før 1613 var Rysstad truleg ein gard. Då vart han delt i to. Ånund Knutsson skal ha eigd den sørlegaste delen, og Sigurd Gunnarsson den nordlege.

Det var mange husmannsplassar på Rysstad, truleg 22 alt i alt. Den eldste ein kjenner til var Flådøl, som blei rydda i 1730-åra.

Kjelder