Hopp til innhald

Terrengløpskarusellen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mars 2016 kl. 18:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sjå også: Terrengløpskarusellen 2016)

Terrengløpskarusellen var opphaveleg eit samarbeidsprosjekt mellom Otra IL i Evje og Hornnes, IL Gry i Engesland og IL Skogguten i Bygland. Den første Terrengløpskarusellen gjekk av stabelen i 1972. Interessa var sterkt stigande dei fyrste åra, og nådde ein topp i 1976 med 210 deltakarar.

I år 2000 kom Iveland IL med i samarbeidet. I nokre år frametter hadde Terrengløpskarusellen då sju løp. Dei seinaste åra er det Otra IL og IL Gry som har delt på arrangementet, med ansvar for tre løp kvar. Bygland IL har også vore medarrangør, mellom anna i 2012.

Sjå også

Kjelder