Iveland IL

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Iveland IL er eit fleiridrettslag i Iveland. Laget vart skipa 22. mai 1922. Laget har i dag (2017) idrettsskule for barn, fotballgruppe, skigruppe og friidrettsgruppe. I tillegg blir fleire mindre aktivitetar drive under samlenamnet «Idrett for alle». Idrettslaget arrangerer det tradisjonsrike skirennet Berefjelløpet kvar vinter. Talet på medlemmer har mykje vore rundt 300 dei seinare åra.

Historie

Iveland IL blei stifta på eit møte på «Framsjå», ungdomshuset i Kyrkjebygda, 22. mai 1922. Det første styret i laget var Magnus Nilsen (formann), Gunnar Thortveit (nestformann), Alf Thortveit (kasserer), Olav Aanesland (materialforvalter) og Martin Lilletveit (materialforvalter).

Kjelder

Eksterne lenker