Grenjå bustadfelt
Foto: Geir Daasvatn
Grenjå bustadfelt er eit bustadfelt på Evje i Evje og Hornnes kommune. Feltet ligg på ei slette rett bak (aust for) Evje sentrum. Rett aust for Grenjå igjen ligg Kjersti Park bustadfelt. Litt meir mot nord og nord-aust ligg Tingberget bustadfelt og Tingbergheia bustadfelt. Frå Grenjå er det også kort veg til Evje stadion og Trollbakken hoppanlegg.
Grenjå er eitt av dei eldre bustadfelta i kommunen. Mange offiserar og familiar som kom til Evje for å arbeide på Evjemoen busette seg her på 1960-talet.
Kjelder
- Kart - GISLINE Webinnsyn Setesdal