Varpevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2015 kl. 09:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Varpevegen Iveland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varpevegen var ein bygdeveg gjennom Austbygda i Iveland, mellom Varpe i Vegusdal og Åmdal i Vennesla. Det var den andre «store» køyrevegen (kjerreveg) som blei bygd i Iveland, etter gjennomgangsvegen Hodne-Iveland-Åmdal i Vennesla. Desse to vegane vart «stamvegane» gjennom Iveland.[1]

Dette vegstykket blei drøfta fleire gonger i kommunestyringa på andre halvdel av 1850-talet.[2] Sjølve arbeidet ute i terrenget tok truleg til i 1858, og då bare stykkevis. Så seint som i 1867 stod enno mykje arbeid att. Det siste stykket som kom i stand var gjennom Skjerkedalen i Vennesla i 1869.[3]

Alt i 1880-åra måtte Varpevegen utbetrast. Frå slutten av 1880-talet til 1904 skjedde det eit stort arbeid langs vegen, og han vart også fleire stader lagt langs nye liner. Dagens veg, Fylkesveg-405, følger med ein del avvik den gamle Varpevegen.[4]

Referansar

<references>

  1. Aslak Fjermedal, Iveland III Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1969, side 310
  2. Iveland III, side 307-308
  3. Iveland III, side 309
  4. Iveland III, side 312-313