Høgetveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2015 kl. 12:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgetveit er ein gard (gnr. 44) i Evje og Hornnes. Garden ligg aust for Evje sentrum, langs fylkesvegen som går frå Galteland mot Iveland. På første halvdel av 1900-talet var det svær gruvedrift etter feltspat på Høgetveit. I dag driv eigarane Sjur Høgetveit og Wenche Rundsag Høgetveit stort innan fruktproduksjon, særleg med morellar.

Historie

Garden er i bruk i 1601, og svarer då både leidang og tidend. Men namnet tyder på at han ikkje er eldre enn frå omlag 1200. Rundt den tida gjekk «hå» over til «høg». Mest truleg har garden gått ut frå Rosseland.

Kjelder

Kart

Laster kart ...