Hopp til innhald

Myglevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2015 kl. 01:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Vest-Agder)

Myglevatn er eit vatn i Kosånavassdraget på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes, på grensa mot Marnardal i Vest-Agder. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg Øyvatnet, og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre Myglefossen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.