Hopp til innhald

Myglevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2015 kl. 01:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Myglevatn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Myglevatn er eit vatn i Kosånavassdraget på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes, på grensa mot Marnardal. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen. Vatnet ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg Øyvatnet, og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre Myglefossen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.