Hallandsfossen

Foto: Marthinius Skøien
Foto: Geir Daasvatn
Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331.
Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond vart difor elveløpet senka her i 1860-åra, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.
Kjelder
- Reidar Tveitos bok om bruer i Setesdal, juli 2014, side 172-174