Meir gamalt or Sætesdal I

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. september 2015 kl. 09:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslaget til boka. Biletet syner Svein Hovden som fortel til Knut Hoslemo. Fotografen er ukjend, men biletet er utlånt til bruk i boka av Reidun Hoslemo via Setesdalsmuseet.

Meir gamalt or Sætesdal I er ei bok utgjeve i 2015 av Olav M. Holen. Boka er ei samling av soger frå Setesdal og nokre frå Vest-Telemark. Dei fleste av sogene har tidlegare stått på trykk i Agder Tidend i tidsromet 1920-1930. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Boka er utgjeve på eige forlag. Ho har 274 sider.

Mesteparten av sogene i boka er førde i pennen av Knut Hoslemo. Mykje av dette er skriva ned frå sogemannen Svein Hovden, men ein del kjem også frå Knut Hoslemo sjølv. Svein Hovden kom frå Grungedal i Telemark. I boka er det difor tatt med ein del soger, særleg dyresoger, frå Vest-Telemark.

Innhald

  • Fyreord
  • Svein Hovden
  • Gode grannar i Setesdal
  • Bykle - Haukeliveden
  • Sterke-Saavi
  • Pilt-Ola
  • Fraa gamle dagar
  • Kjetil - Tjoven
  • Kong Oscar II´s reise
  • Den eldste i Bykle
  • Ein norsk mystikar
  • Maurelidane
  • Om Knut Hakeson og slekti hans
  • På leiting
  • Dyresogor
  • Dagboknotat
  • Reisebrev